Ridabu - Valdres FK » Black River Park » 26. mai 2024 14.00
Seniorlagene
Ridabu - Valdres FK
Black River Park
26. mai 2024 14.00
Valdres FK  -  Kolbu KK
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 8 mål
Ola Bordewich Strøm: 4 mål
August Dygd Moberg: 4 mål

Full pott for damelaga

Dei to damelaga til Valdres er nær sagt identiske, og trenar Morten Buene seier at fjerdedivisjonskampane i stor grad blir brukt som ein øvingsarena for tredje. Laget satsar i år på ein spelemåte der ballen er mykje i laget, og der ein prøver å spele seg fram til målsjansar. Kampane i fjerde divisjon gjer godt høve til å trene inn denne spelestilen.

I kampen mot Lunner score Anita Strand eitt mål, Anja Kampen Hamre to, mens det siste vart sett inn av Mariann Nereng Berg på straffe.

 Dagens kamp mot Sander/Skarnes starta nokså treigt for vår del, men etterkvart tok Valdres klart over spelet. To stangskot vart det i fyrste omgang, men berre eitt mål. Det kom ved Anja Kampen Hamre etter 38 minutt. Anja sette ballen i mål frå kort hald, etter at gjestane sitt forsvar og keeper var utspela.DSC_4650.JPG

Anja Kampen Hamre blir gratulert med 2-0.

Dominansen fortsette etter sidebyte, og berre eit par minutt var gått då Anja sette inn sitt andre mål for dagen. Scoringa kom etter at Valdres hadde spelt seg fint fram på høgresida og lagt inn framfor mål. Sander/Skarnes reduserte deretter til 1-2 på eit langskot som gjekk via tverrliggaren og inn. Dette var då også det einaste bortelaget hadde å by på, og det var aldri tvil om kven som kom til å stikke av med poenga. 3-1 til Valdres vart det på straffe ved Anita Strand etter at Mai Liss Leithe vart lagt ned i feltet. Øyfrid Sørumshaugen avslutta med ei heading frå om lag ti meter. Dermed 4-1 til Valdres i ein kamp der jentene gjerne kunne hatt fleire mål.

Fleire av dei "eldre" spelarane var attende i dag, aller eldst var Eva Kristin Skattebo som vikarierte i mål. Men Eva kunne slå fast at det vart ein roleg dag på jobben.



Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
mandag 20.05 kl. 15.00
Valdres FK 2 - Vang FK
lørdag 25.05 kl. 15.00
Valdres FK - Nordre Land/Torpa
4. div. kvinner
søndag 02.06 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger
G19 Elite
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR