Ridabu - Valdres FK » Black River Park » 26. mai 2024 14.00
Seniorlagene
Ridabu - Valdres FK
Black River Park
26. mai 2024 14.00
Valdres FK  -  Kolbu KK
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 8 mål
Ola Bordewich Strøm: 4 mål
August Dygd Moberg: 4 mål

Fram Larvik gjestar Blåbærmyra

Laurdag er det endeleg klart for heimekamp på Blåbærmyra. Fram Larvik er motstandar, og det betyr at valdrespublikumet får eit gjensyn med Christian Bwamy (her i valdresdrakt). For heimelaget er det enno ikkje klart om Ardjan Fera og Manuel Hervas kjem til å spela

Fram Larvik har starta haustsesongen bra, noko Valdres ikkje har. Vestfoldlaget har slege Frigg 2-1 og Nybergsund 4-3, båe kampane gjekk heime i Framparken. I kampen mot Nybergsund satte ex-valdris Bwamy inn det eine målet, uvant nok på ei heading. Elles har Fram mista ein del spelarar i sommar av ulike årsaker, men har også signert Evan Patros frå Ørn Horten. Fram rapporterer om ei ørlita keeper-krise, og har difor henta inn ex-keeper  Bjarte Kringlemoen, som eigentleg har lagt opp. - Bjarte var en av andredivisjons desidert beste keepere da han la opp for omtrent halvannet år siden, og treningen i dag viser at han definitivt ikke har mistet teften og at han har holdt seg fysisk godt i gang, sier Frams trener til lagets nettsider. Valdres blir elles rekna som ei "overkommelig oppgave", av dei same nettsidene. 1-7 mot Alta har nok ikkje skremt vetet av komande motstandarar...

DSC_0463.JPG

 Valdres har enno skadeproblem. Korkje Manuel Hervas eller Ardjan Fera har vore i stand til å delta for fullt på trening denne veka, og  det er difor tvilsamt om det blir spel på laurdag. Desmond Chappy (i midten over) er vendt heim etter ein snartur til Afrika, og kan bli å sjå i startoppstillinga. Trenar Ole Skouboe har teke ut denne troppen:

Gonzalo Gutierrez Mesón, Tomas Varpestuen, Joakim Wiik, Desmond Chappy,
Ardijan Fera, Andreas Dyve, Robert Rabben, Thomas Brekken, Ivan "Pachu"
Martinez, Alonso Gonsalez, Kalle Neale, Lars-Fredrik Brateng, Morten Nerli,
Simen Høglien, Stig Ørjan Karenstuen, Bjørnar Sætershagen, Mahmoud "Mac" Laham,
Manuel Hervás.

 

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
mandag 20.05 kl. 15.00
Valdres FK 2 - Vang FK
lørdag 25.05 kl. 15.00
Valdres FK - Nordre Land/Torpa
4. div. kvinner
søndag 02.06 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger
G19 Elite
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR