Ridabu - Valdres FK » Black River Park » 26. mai 2024 14.00
Seniorlagene
Ridabu - Valdres FK
Black River Park
26. mai 2024 14.00
Valdres FK  -  Kolbu KK
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 8 mål
Ola Bordewich Strøm: 4 mål
August Dygd Moberg: 4 mål

Ungdomane regjerer Blåbærmyra, men forsterkningar truleg på veg.

Edmond Chappy er den siste som har reist frå Valdres. Chappy har kome inn på studiar i Tromsø, men han er likevel aktuell til kampen mot Brumunddal til helga. Korleis det går framover er derimot meir uvisst. Avstanden frå Tromsø til Fagernes er nokså stor...

Det blir for tida jobba med eit par nye spelarar som erstatning for dei som har reist. Ingen avtalar er signerte enno, men det kan ordne seg i løpet av eit par dagar. Trenar Skjærstad held korta tett inntil brystet, men vi forstår at to nye spelarar har sagt ja takk til å koma til Valdres. Etter det vi såg mot Ørn sist, kan det vera god bruk for eit par nye, men likevel erfarne spelarar, spesielt på midtbanen. Så får vi sjå om alt ordnar seg med kontraktar og papir frå og til diverse forbund.

DSC_0707.JPG

"Pachu" (t.h) treng ikkje vera einaste spanjol på Valdres FK lenger, dersom alt går etter planen.

Motstandar på laurdag er altså Brumunddal, som no ligg heilt sist på tabellen med 9 poeng. Laget har likevel ikkje gjeve opp kampen for fornya kontrakt, og slo i siste heimekamp Ørn Horten med 3-1. Vi hugsar alle korleis det gjekk då Valdres spelte mot Ørn, så det er ingen valdrisar som reknar med nokon lett kamp i Brumunddal. Her må det til ein heilt annan innsats enn forrige laurdag dersom det skal bli poeng! I tilsvarande kamp på Blåbærmyra i vår vann Valdres 1-0.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
mandag 20.05 kl. 15.00
Valdres FK 2 - Vang FK
lørdag 25.05 kl. 15.00
Valdres FK - Nordre Land/Torpa
4. div. kvinner
søndag 02.06 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger
G19 Elite
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR