Ridabu - Valdres FK » Black River Park » 26. mai 2024 14.00
Seniorlagene
Ridabu - Valdres FK
Black River Park
26. mai 2024 14.00
Valdres FK  -  Kolbu KK
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 8 mål
Ola Bordewich Strøm: 4 mål
August Dygd Moberg: 4 mål

Gjensyn med HamKam i cupen

Fotballforbundet kunngjorde i dag - overraskande tidleg - oppsettet for andre runde i cupen. Av den går det fram at det blir eit nytt møte med HamKam, denne gongen på Hamar. Kampen går allereide neste onsdag, 9. mai kl. 18.00.

Valdres har møt HamKam ved fleire høve. Alle hugsar opprykkskampane mot HamKam 2 seinhaustes 2007. Etter 1-3 på Blåbærmyra rekna dei fleste med at saka var avslutta. Men på Børstad kunstgress på Hamar gjorde valdresgutane alle tips til skamme og kunne gå av bana med 4-1. Terje Sanne sitt straffespark i sluttminutta (under) sørga for eit historisk opprykk til andre divisjon.

 opprykk_496x330[1].jpg

I 2008 var det klart for cupduell mot HamKam, som då spelte i Tippeligaen. Etter at hamarlaget tok leiinga greide Valdres å snu kampen og vinne 2-1 .Fredrik Lagemyr utlikna til 1-1 før Terje Sanne nok ein gong avgjorde på straffe. Ei av dei store cup-bombene det året hadde dermed blitt smelt av.

Sesongen 2010 var HamKam nede i andre divisjon, og i same avdelinga som Valdres. Her gjekk det ikkje like bra for oss. HamKam vann utan store problem begge kampane; 2-0 på Briskeby og 3-1 på Blåbærmyra. Dermed kan me vel seie at det står uavgjort melllom dei to laga så langt. 9. mai veit me meir om kven som har teke leiinga i innbyrdes oppgjer.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
mandag 20.05 kl. 15.00
Valdres FK 2 - Vang FK
lørdag 25.05 kl. 15.00
Valdres FK - Nordre Land/Torpa
4. div. kvinner
søndag 02.06 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger
G19 Elite
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR