Seniorlagene
Valdres FK jr - Nordre Land
Gjensidigebanen KG
23. april 2024 19.30
Valdres FK jr  -  Elverum
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 4 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Even Neshagen: 1 mål

Klart for supersøndag på Blåbærmyra

Det blir full stim på Blåbærmyra søndag då både herrer og damer skal ha heimekamp i 2. divisjon. Herrene tek i mot Harstad kl. 14 mens damene skal opp mot Bækkelaget tre timar seinare.

Skouboe sine menn vil prøve å rette opp det bleike inntrykket frå sist helgs kamp mot Nybergsund. Motstandar Harstad er på same nivå som Sundet, så her blir det truleg laget som greier å mobilisere størst innsats som stikk av med poenga. Forrige helg sakna vi den desperate viljen til å vinne, den valdrisane viste fram i kampane dei spelte med ti mann. Å finne at denne viljen blir truleg avgjerande for suksess søndag.

DSC_0933.JPG

Laget er framleis ramma av skader: "Mac" Laham (over) er ute med skada leddband i ankelen, og er i beste fall klar at om to veker. "Pachu" Gutierrez, som var ute med karantene sist, må denne gongen stå over med strekkskade. Elles er laget intakt, kanskje med eit lite spørjeteikn ved Simen Høglien, som har vore plaga med sjukdom.

Troppen:

Gonzalo og Tomas Varpestuen.
Bjørnar Sætershagen, Lars-Fredrik Brateng, Erik Holmen, Andreas Dyve,
Manuel Hervás, Alonso Gonzales, Simen Høglien, Desmond Chappy, Kalle Neale,
Robert Rabben, Stig Ørjan Karenstuen, Joakim Wiik, Thomas Brekken, Ardijan Fera,
Morten Nerli.

 

Damene skal halde fram kampen for å kome vekk frå botnen av tabellen. Trenarane Buene og Rabben meiner at laget har mykje å rette opp frå vårkampen mot Bækkelaget, som endte med 6-0 til oslojentene. Men laget har teke gode skritt framover sidan den tid, og dei to reknar med å kunne gi Bækkelaget kamp om poenga på søndag. Det er elles uklart kor mange lag som rykker ned frå avdelinga, då dette avheng av opp- og nedrykk i seriesystemet forøvrig. Det kan difor hende at Valdres greier seg sjølv om dei skulle havne under "streken".

DSC_0870.JPGPia Wetlesen er blant dei unge og lovande jentene.

Nana Niyonzima har flytt til Hønefoss, og blir ikkje med resten av sesongen. Thea Byfuglien er ute med skade. Ny i troppen er keeper Malin Bekk frå Dokka. Elles reknar Buene og Rabben med å stille eit ungt, men slagkraftig lag på sundag.

 Det kan elles bli interessante scener i garderobene på Blåbærmyra når herrelaga til Harstad og Valdres skal ta seg ein velfortent dusj, samstundes som damene kler seg om til kamp...

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 21.04 kl. 16.00
Valdres FK - Raufoss 2
4. div menn
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR