Seniorlagene
Valdres FK jr - Nordre Land
Gjensidigebanen KG
23. april 2024 19.30
Valdres FK jr  -  Elverum
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 4 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Even Neshagen: 1 mål

Meir jubel for juniorane!

Valdres G 19 vann i kveld 3-1 over Østsiden borte, etter 2-0 ved pause. Målscorarar for Valdres var Knut Olav Veimodet, Jon Fossholt og Henrik Fossholt (straffe).

Østsiden var før kampen i om lag same posisjon som Valdres: Ny-opprykka til Interkretsserien og med forventningar om å kjempe på nedre halvdel av tabellen. Dei fem fyrste kampane til Fredrikstad-laget hadde gjeve to uavgjorte og tre tap.

Valdres hadde hatt ein litt vanskeleg inngang til kampen, med forfall frå fleire spelarar. Lars Fredrik Brateng er ute med strekkskade, og vil venteleg gå glipp av fotball i fleire veker. Dermed vart det Jon Fossholt og Andreas Dyve som spelte på topp i kveld. I forsvaret vart Joar Hoberg sjuk rett føre kampen, mens Thomas Hilmen var ute med karantene. Inn kom Bjørnar Særershagen på midtstopparplass og Jostein Volden på back. Begge gjorde ifølgje trenar Audun Magnus Bakken ein særs god kamp.

Valdres gjekk knallhardt ut i kveld, og det tok berre fire minutt før ballen låg i nettet til heimelaget. Det var ei forsering til dødlinja, ballen vart lagt 45 grader ut i feltet der Knut Olav Veimodet breidsida han i mål. Valdres pressa på, og nokre minutt seinare kunne Jon Fossholt legge på til 2 - 0. Etter dette kom Østsiden gradvis meire med i kampen, men utan å skape store problem for Valdres-forsvaret.

Heimelaget gjekk som venta offensivt ut etter sidebytet, men var framleis relativt ufarlege. Istaden var det Valdres som fekk ei kontring etter vel 25 minutt. Jon Fossholt vart felt av keeperen og straffa sette Henrik Fossholt i mål. Heimelaget greide rett nok å redusere fem minutt seinare, men trass i at dei hadde ballen mykje makta ikkje østfoldingane å skapa dei heilt store sjansene.

Valdres er med dette oppe på sjetteplass av dei fjorten laga i Interkretsserien, med ni poeng etter seks kampar. Neste veke ventar Lillestrøm på Blåbærmyra.

 

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 21.04 kl. 16.00
Valdres FK - Raufoss 2
4. div menn
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR