Valdres FK - Flisa » Gjensidigebanen KG » 5. mai 2024 15.00
Seniorlagene
Valdres FK jr - Elverum
Gjensidigebanen KG
27. april 2024 13.00
Valdres FK jr 6 - 0 Nordre Land
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 3 mål
Ola Bordewich Strøm: 3 mål

To poeng i hovudstaden

Herrene dominerte kampen mot Grorud og kunne med litt betre avslutningar teke alle poenga. Valdres kom til 4-5 gode sjanser, men ingen av dei var klare nok til å gje mål. Derimot fungerte det bra bakover på bana. Morten Skjærstad seier til nettsida at den defensive strukturen var særs bra, og at han i det heile er nøgd med prestasjonen.Etter rapportane gjorde Manu Hervas ein god kamp som midtstoppar og utmerka seg med ypperleg speleforståing. Midtbana fungerte også bra i kampen.

"Baja" Rundbråten måtte ut mot slutten av oppgjeret etter å ha fått eit spark i hovudet. Rundbråten skal ha vore noko omtåka, men han vil truleg vere klar at i god tid før møtet med Elverum på laurdag.

Damene kom under to gonger i møtet med Vålerenga 2 på Valle Hovin. Heimelaget tok føringa alt etter 6 minutter gjennom indirekte frispark. Domaren meinte at Valdres-keeperen held for lenge på ballen, dermed frispark i feltet og mål. Etter dette tok Valdres tak i kampen og makta å presse heimelaget bakover på bana. Etter 16 minutter greide Valdres å vinne attende ballen på 16-meteren til Vålerenga. Anja Kampen Hamre smelte til ned i hjørnet og dermed 1-1. Valdres datt litt bakpå mot slutten av omgangen, og heimelaget kunne gå opp til 2-1 på frispark frå 30 meter.

Etter pause greide Valdres-jentene nok ein gong å ta tak i kampen, og etter om lag 60 minutt var det klart for 2-2. Ein pasning vart slege inn bak Vålerenga sitt forsvar, der dukka Anita Strand opp og sette ballen pent i mål. Valdres hadde bra trøkk mot slutten av kampen og spelte seg til eit par gode sjansar, men fleire mål vart det ikkje. Dermed enda oppgjeret med same resultatet som på Blåbærmyra i vår, 2-2.

Trener Ole Anders Ulven meiner at uavgjort gir eit godt bilete av kampen, sjølv om valdrisane kunne teke alle tre poenga med litt marginar på si side. Vålerenga stilte elles eit godt lag til denne kampen, med fleire spelarar frå A-stallen. Ulven er spesielt nøgd med moralen  og kampviljen laget viste i dag. Blant spelarane framhevar han Nana Niyomzina, som spelte sin første kamp frå start og stod for mykje positivt framover på bana.

Med dette resultatet greide Valdres å halde Vålerenga 2 bak seg på tabellen, og tok eit viktig steg på vegen mot ny kontrakt.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Flisa
4. div menn
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Fron/Otta/Lom
4. div. kvinner
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR