Valdres FK - Flisa » Gjensidigebanen KG » 5. mai 2024 15.00
Seniorlagene
Valdres FK jr - Elverum
Gjensidigebanen KG
27. april 2024 13.00
Valdres FK jr 6 - 0 Nordre Land
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 3 mål
Ola Bordewich Strøm: 3 mål

Bortekampar for andredivisjonslaga

Både dame- og herrelaget skal ut og reise denne helga. Herrelaget møter Elverum laurdag, mens damene teke turen til LSK-hallen for å møte Lillestrøm 2 på sundag. To vanskelege kampar, men båe laga er innstilt på å kjempe hardt for å ta med poeng heimat til Valdres.

Herrene har vore ille plaga av skader den siste tida. Etter fredagens trening er det klart at "Pachu" Gutierrez ikkje rekk kampen på laurdag. (Special message to Spain: Unfortunately, Pachu is out of tomorrow's game!) Frå før veit vi at Kristian Tuv og Runar Brenden må ta det med ro enno ei tid. Mato Grubisic er stadig i framgang, og er med i troppen mot Elverum. Men kva for rolle Mato kjem til å spele er enno usikkert.

DSC_0335.JPG

Mato tøyer - men spelar han?

Også Mesût Can har vore usikker. Testen på fredag var positiv, og Mesüt er med i troppen mot Elverum. Det er likevel mykje som tydar på at han startar på benken laurdag.

 DSC_0302.JPG

Fysioterapaut Bjørn Rudolf Øygard og Mesüt Can brukte mykje tid i lag på treninga fredag.

Trenar Morten Skjærstad ser for seg ein jamn kamp på laurdag, som godt kan bli avgjort på dødball. Av Elverums fem mål mot Valdres i fjor (4-1 og 1-0) kom fire på denne måten. Det er difor viktig å vere fokuserte på slike situasjonar. Skjærstad trur elles at Elverum er eit av laga som kjem til å vere med i toppen heilt til slutt. Elverumslaget har vore noko opp og ned i år, men imponerte stort sist helg med 3-0 mot Ørn Horten. Elverum er no nummer tre på tabellen og - som Valdres - ubeseira så langt i år.

DSC_0341.JPG

Når det gjeld damelaget, er situasjonen meir stabil. Det er ingen nye skader siste veka, men laget har framleis lantidsskader på fleire spelar. Motstandar Lillestrøm 2 ligg på plassen føre Valdres på tabellen, med ein kamp meir spela. Sist helg vart det 3-1 borte over botnlaget Lillehammer. Ein siger sundag vil føre Valdres forbi. Trenar Ulven seier at laget går for tre poeng på Romerike. LSK 2 er eit lag vi kan kome på talefot med, og jentene går til kampen med ei positiv innstilling.

DSC_0330.JPG

Jenter i godt driv på fredagstreninga.

Kampodds Elverum - Valdres:

Norsk Tipping: 1,80    3,95       2,70

Betsson:    1,90      3,95         3,10

NordicBet:   1,80      3,80        3,65

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Flisa
4. div menn
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Fron/Otta/Lom
4. div. kvinner
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR