Ridabu - Valdres FK » Black River Park » 26. mai 2024 14.00
Seniorlagene
Ridabu - Valdres FK
Black River Park
26. mai 2024 14.00
Valdres FK  -  Kolbu KK
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 8 mål
Ola Bordewich Strøm: 4 mål
August Dygd Moberg: 4 mål

Valdres FK referat styremøte onsdag 3.april 2019 kl.18 på Blåbærmyra

Desse møtte: Ole Arne Kvålshaugen  -Stig Tronstad - Reidun Gudny Veflen - Anna Marie Jørstad - Bente Fjeld Østgård -Svein Erik Lunde

Meldt forfall: Otto Brateng - Trygve Schlytter

Saker:

1 -Budsjett

Likviditet kan bli negativ i sumarmånader. Må få inn inntekter, som Personleg sponsor og Aktiv kontingent tidleg. Medlemskontingent er inkludert i Aktiv kontingent. Medlemskontingent = 250.  Valdrespatriot = 1200. 800 for Drageberget. Best med faktura. Mal til å dele ut. 

Revidert forslag budsjett 2019 gir overskudd 154.000. Må bli vedtatt på årsmøtet. Fleirtalet i styret støttar forslaget. Stig og Reidun Gudny kan ikkje støtte forslaget, då rekneskap 2018 og dermed Inngåande Balanse 2019 ikkje er klart.

2-Dagleg Leiar

Konstituert til Philip er friskmeldt. Tre søkere. 

3-Nytt regnskapsbyrå

Regnskap/Revisjon Valdres, overtek frå PWC som sluttar etter 2.termin = 1.mai.

4-Nye ekstraordinære inntektsbringende tiltak

Fotballskule Bagn og Valdresakademi

5-Endelig fastsettelse årsmøte

Regnskap ikkje klart før 10.april, og deretter til våre revisorar Johnny Fjeld og Jon Ranheim. Idrettsregistrering må vera ferdig 30.april, for MVA-kompensasjon.

Årsmøtet blir onsdag 24.april kl. 18 på Blåbærmyra.

Ole Arne skriv årsmelding, og lagar sakspapir v/hjelp av Karl, som kjem att 12.4. Anna Marie legg innkalling på heimesida/nett, og på gruppene. 

6-Saker som må ressursknyttes

-Seriestart A-lag laurdag 13.april

Ansvar:

-Bente:vaktliste kiosk, +vaske kiosk., + redigere oversikt oppgåver- henges opp påkontoret

-Seniorgruppasom før: Billettsal, dei må få grillpølse i pausa.

-Ole Arne ordne annonse «Valdres», skinkelotteri?, høyre med Slidreøya om salshjelp derfrå

-Reidun Gudny organiserer salg

-Anna Marie ordne program

-Speaker: Stig spør Knut Walter, om vaktliste. Må også ha speaker på Damelag og          Junior, jfr. Sponsoravtaler. Damelag, spørre Geir Helge S., som før. Junior: rullering/vaktliste foreldre-ansvar: Reidun Gudny.

NB: må lære lydanlegg/brukefjernkontroll. 

 -Frukt til burtelag, som før, dvs. Bente kjøper inn.

-Brus i 1,5 l, selge i pappbeger a 0,33 a kr. 20.

-Pris kiosk: som før: Kaffe 20. Vaffel 20?, og Båe= 30. Pølse i vaffel = 30. Pølse=25. Popcorn i beger. Innkjøp div, også Is ?.:Bente 

-Basarlotter, ansvar Karl, Frå 20.Mai til 20.Juni  (vente til FIL er ferdig tidleg mai).  Trekning ca 10.juli. Premiar:Bente kan ordne ein,  Vi andre høyre rundt, ca kr. ? 

-Målsponsor: Trygve Schlytter 

-Valdrespatriot: Ole Arneannnonse i Valdres, og Anna Marie bak på programmet. Pris som før: kr 1200, kr 800 for Drageberget. Seniorgjengen og Anna Marie aktiv selger, ved inngang 

7-Fotballavis    

OleArne ordnar annonser 8 sider. Stoff  8 sider red, = 16 sider i alt.  Ole Arne skriv Leiar.  Presentasjon spelarar:Ole Arnespør Rafael om A.lag, og spør Joakim om damelaget. Svein Erik skriv intervju med Rafael. 

8-Div praktisk

-Stig:ordne støpsel til ny komfyr Skogstadgård, og busskort til Jose + to nye

-Ole Arne har ordna norskkurs, 7 stk a kr. 95 time, forespør kommuna om dei betaler.

 

Møtet slutt 20.30

                                                                                                    Referat v/Svein Erik L.

 

 
Kommende kamper på Blåbærmyra
mandag 20.05 kl. 15.00
Valdres FK 2 - Vang FK
lørdag 25.05 kl. 15.00
Valdres FK - Nordre Land/Torpa
4. div. kvinner
søndag 02.06 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger
G19 Elite
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR